Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Noregs Bank – hauken i dueflokken.

Noregs Bank leverte som venta ein renteauke på 25 bp i dag. I går la vi fram ei forventning til ny rentebane som indikerte at den lange enden ville bli nedjustert med 25 bp, slik at vi for prognoseperioden kunne vente oss fire renteaukar på 25 bp i staden for fem slik rentebana for desember viste. I tillegg spådde vi at neste renteauke ville kome tidlegare enn det som no låg til grunn(desember), noko den nye rentebana også bekrefta. Noregs Bank opnar til ei viss grad opp for ein renteauke allereie i juni, men september framstår som det mest sannsynlege scenarioet. Noregs Bank har difor mest vektlagt innanlandske forhold i den korte enden av rentebana. Norske makrotal tilseier eigentleg ei høgare rentebane, noko NB hensyntek. Over tid er det uansett grunn til å tru at norsk økonomi i større grad vil bli påverka av konjunkturane ute, og me fekk derfor ei svak nedjustering i den lange enden.

Det hyggelege med dette er at me no får ei reprising av NOK og norske renter. Tiltrua til Noregs Bank har over tid no ikkje vore synleg i marknaden, men med den nye rentebana framstår Noregs Bank som ein hauk i dueflokken. For vegen vidare er det grunn til å tru på at dette vil ha ein synleg effekt. I kjølvatnet av rentemøtet har me fått ein 7-10 øres styrking av NOK mot dei fleste valutaer, og EURNOK noterast no i skrivande stund kring 9,60. Dette er ei runde mange har venta på, så noko konsolidering her må ein nesten forvente. Me vil difor sjå ein del gevinstsikring kring desse nivåa.

Over tid bør dette uansett vere ein gamechanger for NOK, og etablere dei fleste kryss i eit lågare intervall. Me er i tilstrammingsmodus, medan dei fleste andre er på hald, det bør styrke NOK appetitten i Q2.

Me ventar difor at når ein del gevinstar er plukka, så vil ein sjå etter moglegheiter litt opp og fram. Med den oppjusteringa me no såg frå Noregs Bank sis side, og med dei førespegla renteaukane på 12 månadars sikt, vil rentedifferansen mot utlandet auke. Med rimeleg høg oljepris, med oppjusterte vekstanslag, inflasjonsanslag og ikkje minst ein stram arbeidsmarknad og høgare kapasitetsutnytting, ser det lovande ut for norsk økonomi det neste året. Tiltakande lønsvekst har også potensial til å betre forbruksveksten. I det biletet er det vanskeleg å ikkje sjå føre seg at Noreg og NOK ikkje kan bli litt meir attraktivt igjen.

Me trur difor på ein bevegelse mot 9,50 over dei neste par tre vekene, og me ser føre oss at 9,40 – 9,70 kan bli eit intervall for det meste av Q2. Me kjenner likevel til at NOK er sårbar for internasjonal uro, og sesongvariasjonar, og at delgevinstar i stor grad bør plukkast når ein har dei. Det skal lite til av handelskonfliktar, politisk furore, børsturbulens etc, og sende NOK svakare i eit nervøst sentiment.

Noregs Bank leverte i alle fall varene, og for NOK bør det vere in gamechanger det neste kvartalet. Ny årsbotn i dag kring 9,60, og det bør vere duka for ytterlegare årsbotnar fram mot fellesferien.

Ha ein fin dag. Det har i alle fall vi. Endeleg, og på tide.