Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Noreg – Lykkeland……

NRK kom med ein ny serie i fjor haust som handla om starten på det norske oljeeventyret, og som vart kalla «Lykkeland». Eit høveleg namn, og funn av olje blei starten på det velstandseventyr som me har opplevd her på berget dei siste 50 åra. Oljeverksemd blei ein dominerande faktor i norsk økonomi, og er framleis Noregs største næring målt i verdiskaping, statlege inntekter, investeringar og eksportverdi. Totalt sett sysselset petroleumssektoren ca. 175-200k personar direkte eller indirekte, og for 2019 vil den vere den viktigaste vekstdrivaren i norsk økonomi. Noko dagens veksttal for 4 kvartal er eit godt døme på. Veksten for 4 kvartal blei 0,9 % k/k, mot venta 0,7 % k/k frå Noregs Bank si side, og petroleumssektoren var den viktigaste bidragsytaren.

 

I tillegg var veksten i sysselsettinga på heile 0,5 % i Q4, mot venta ein stad mellom 0,3-0,4 % frå Noregs Bank. Høgare sysselsetjingsvekst enn venta har nok også medført ytterlegare press på lønningane, og me fekk ein justert årslønsvekst på 2,8 %, 0,1 % høgare enn NB forventningar.  

Det går med andre ord godt i norsk økonomi. Nettoeksporten steig med 0,5 % i fjerde kvartal. Godt hjelpe av ei svakare krone. Men det beste av alt er at det per tidspunkt ikkje ser ut til at veksten i Noreg er i ferd med å stoppe opp, i motsetnad til alle våre samarbeidsland der veksten er avtakande, nedjustert, og utsiktene dystrare. Hovudårsaken er at oljeinvesteringane er den fremste vekstdrivaren for 2019, og dei veit me vil stiga med 10-12 % i år, og at dei vil gjennomførast sjølv om oljeprisen ligg på 50, 60 eller 70 USD fatet i snitt for året. Noko lenger opp og fram derimot er investeringslysta mykje meir avhengig av ein høg oljepris, men godt inn  i 2020 lever AS Noreg meget godt med dei nivåa me ser i dag.  Det går godt i andre bransjar også. Me eksporterte fisk på all time high nivå i fjor, industrien generelt veks(opp 0,5 % desember) og kostnadsreduksjonar og svak NOK har betra konkurransekrafta mot utlandet enormt dei siste åra.

Og ser me på konsumet så er ikkje biletet like heilsvart som ein kanskje har fått inntrykk av der heller. Privat konsum var opp 0,4 % i Q4, etter ein nedgang på 0,1 % i Q3. Det er særleg tjenestekonsumet som trekk opp. Men generell konsumutvikling har over det siste året vore positiv totalt sett til tross for noko skuffande varekonsum/detaljhandel. Når me veit at elektrisitetsprisane er noko på veg ned, og at lønningane truleg vil stige noko vil ikkje akkurat kjøpekrafta reduserast utover i 2019 heller.

Me er no i ein situasjon der mykje av underliggande forhold i norsk økonomi strengt tatt trekk rentebana opp. VI har ei vesentleg svakare krone enn NB legg til grunn. Vi har inflasjon på oppsida av målet til NB. Veksten er høgare, lønsveksten er høgare, og arbeidsmarknaden strammare enn forventningane til Noregs Bank. Men me trur uansett ikkje at rentebana blir oppjustert i mars grunna utanlandske forhold. Internasjonal vekst er avtakande og nedjustert, der særleg Europa har skuffa stort. Og me har politisk usikkerheit i forhold til Brexit og Italia, me har handelskonflikter mellom USA og Kina, me har ein generelt uforutsigbar president i USA, og det er rett og slett mange ballar i lufta som ikkje har landa enno. Det gjere det generelle marknadsklimaet noko surt, og trekker risikoviljen ned. Og over dei siste par åra er det hovudsakeleg dette som har styrt NOK utviklinga. Og ikkje minst dei siste par døgna til tross for sterke nøkkeltal der NOK har svekka seg kring 10 øre mot CHF og USD, og ein 6-7 øre mot EUR.

Dagens veksttal og ein inflasjon i tråd med forventningane på måndag spikrar hovudsakleg ein renteauke i mars på 25 bp. Marknaden prisar dette ikkje fullt inn enno, og for året generelt har ein ikkje særleg tru korkje på renteaukar eller Noregs Bank framover. Når det gjeld mars tek i alle fall marknaden feil med relativt stort sannsyn. I etterkant er det framleis mange lerret å bleike, så vi må nok sjå an utviklinga særleg internasjonalt dei neste 6 månadane for å konkludere kring den førespegla september/desember auken her heime.

Norsk økonomi går i alle fall grunnleggande godt. Det verkar ikkje verda bry seg om, sidan ein prisar NOK meir eller mindre på historisk låge nivå. Det gjere at norsk økonomi berre går enno betre, då vi har ein eksportretta økonomi. Og fordi me har olje så blir me litt annleis land i forhold til situasjonen me oppleve utanfor landets grenser for augneblinken, der vekstavmating er største frykta. Med underliggande forhold på den sterke sida i norsk økonomi trur me det skal bli vanskeleg å nedrevidere rentebana eine og aleine på grunn av lågare vekstutsikter ute. Det kan nok overraske marknaden noko i samband med rentemøtet i mars.

Enn så lenge verkar ikkje verda bry seg nemneverdig om utviklinga i norsk økonomi. Utover i 2019 vil me med stort sannsyn ha den største rentedifferansen mot EUR på årevis. Ein gong ein viktig NOK drivar, men tilsynelatande mindre dei siste par tre åra.

Det medføre at AS Noreg framleis er lykkeland….veksten vil halda seg oppe….i og med at me på mange måtar får i pose og sekk. I alle fall så lenge NOK held seg på den svake sida. Det gjere at NB kan heve renta i mars og stagga gjeldsveksten ytterlegare. Vinn vinn for AS Noreg. I Botn og grunn.

Ha ei fin helg.